Nye digitale kartløysingar i Valdres

Valdreskart er under avvikling og har ikkje vorte oppdatert sidan 1.juni 2023. Ein del arealplaner, bygg og eigedomsgrenser er endra sidan då, difor må valdreskart nyttast med forsiktigheit. Det same gjeld geoinnsyn.
  

Vi rår til at alle byrjar å nytte dei to systema som erstattar valdreskart og geoinnsyn; Arealplaner.no og Origo/kommunegis.

Dette er førebels ei haste-brukar-rettleiing av dei nye kartsystema. Det vil kome betre rettleiarar etter kvart.

Arealplaner.no

Arealplaner.no  er løysinga som gir enkel tilgang til arealplaner, plandokument og arealplanregisteret. Du kan ta utgangspunkt i følgjande ved søk:

  • Posisjonen du er på
  • Adresse eller gards- og bruksnummer
  • Søke på eit plannavn eller ein plan-ID

Du får opp både gjeldande planer og planar i prosess. Når du har valt ein plan og klikker i kartet og "Se kartdetaljer", får du opp eit større kartbilete. I det kartet kan du klikke og få opp arealføremål og hensynssoner for aktuelt punkt.

Ei begrensning i arealplaner.no er at det ikkje er mogleg å legge inn andre typer bakgrunnskart enn standardvisninga. Det og mykje anna er derimot mogleg i kommunegis.

Origo/Kommunegis

Origo/kommunegis liknar i oppbygging og menyval på andre kart vi kjenner frå nettet, som til dømes norgeskart. Her finn ein det meste av det ein treng av kartdata, du finn eigedomsgrenser og arealplanar og du kan ta ut situasjonskart. (PDF, 3 MB)

Bruk laglista (Åpne lagliste) i venstremenyen for å ta opp det du ynskjer. Du kan skru av og på lag, du kan flytte opp og ned og du kan gjere lag gjennomsiktige. 

Systemet har førebels nokre manglar. T.d i laget "Reguleringsplan forslag" må ein trykke på dei tre prikkane og "Aktiver lag", sjølv om dette allereie er haka av. 



 

Kontaktinfo

Bjørn Gustavsen
Autorisert eiendomslandmåler
E-post
Telefon 90 62 52 95

Åpningstider

Mandag - fredag

kl. 09.00 - 15.00 

 

Har du behov for å treffe en saksbehandler, ring og avtal et møte.

Adresse

Besøksadresse:

Tingvollbakkin 15
2930 Bagn

3. etg


Postadresse:

Tingvollbakkin 15
2930 Bagn

Kartpunkt