Oppdatert informasjon - Stengde bibliotek

Biblioteka i Sør-Aurdal, både hovudbiblioteket på Bagn, Hedalen og Begnadalen filialar, er stengde for besøk inntil vidare. Dette er eit tiltak vi set i verk i samråd med kommuneleiinga for å hindre spreiing av koronaviruset.

Biblioteket tek ikkje imot innleveringar  i denne perioden. Lånetida blir utvida, og purringar som blir sendt ut automatisk kan de sjå bort frå. Det kan bli lenger ventetid på reserverte bøker.

Hugs at de kan låne e-bøker i Bookbites https://edu.bookbites.com/no/bookbites-som-bibliotek/

Planlagde arrangement/møter blir avlyste eller utsette til etter påske.

Vi vil med dette bidra til å redusere omfanget av koronautbrotet. Vi håpar de ser med velvilje på tiltaka.

Helsing oss på biblioteka i Sør-Aurdal