Utlysning av midlar for ordninga Folkemusikk i notid og Framtid

Valdreskommunane forvaltar ei tilskottsordning for produksjon og framsyning av folkemusikk og folkedans. I 2024 er det 60 000 kroner til fordeling. Støtta blir gitt til 1–3 produksjonar som produksjonsstøtte og/eller turnéstøtte.  

Produksjonen skal ha røter i musikk- og dansetradisjonane i Valdres og utøvarane må ha tilknyting til Valdres. Hovudformålet er at flest mogleg born og  unge skal oppleve levande folkemusikk frå Valdres. Produksjonen kan inngå i den kulturelle skulesekken eller visast i samanhengar der det er naturleg at born og unge er med.   

Søkjarar busett i Valdres vert prioritert. I  2023 gjekk tilskottet til to forstillingar.

For å få produksjonsmidlar innan ”Folkemusikk i notid og framtid” må:

  • Produksjonen skal være klar for framsyning innan utgangen av 2024
  • Produksjonen vere egna og visast på arena for born og unge/familiar/alle
  • Produksjonar som blir produsert for (DKS) Den Kulturelle Skulesekken skal sendast ut til alle Valdreskommunane 

 

Søknadsskjema, kriterier og informasjon finn du her

For spørsmål, ta kontakt med Frank Rolland frank.rolland@valdres.museum.no /90045834 eller Katharina Sparstad ks@valdres.no/ 99009584

Søknaden skal sendast til info@valdres.museum.no innan fredag 1. mars 2024.