Skip Navigation Links(Hjem) > Aktuelt
Aktuelt

Sør-Aurdal kommune satser på Velferdsteknologi

Håvard Døvre, koordinator Velferdsteknologi - Klikk for stort bilde

Sentrale føringar og lovverk, som har med helse å gjere, har gjeve føringar for velferdsteknologiske løysingar. Me skal få til betre livskvalitet og meir sjølvmeistring sjølv med mindre midlar pr brukar.

Kommuna sitt tenestebilde innanfor omsorg er i endring og for å imøtekome utfordringar og sentrale krav i framtida er det nødvendig å sjå på moglegheitene til å utvida dei tradisjonelle tenestene til å innbefatte fleire og smartare løysningar. 

Sør-Aurdal kommune ynskjer å utvikla tenester som gjev tryggleik, friheit, auka livskvalitet og aktivitet, meistring og sjølvstendigheit. Målet er at brukarane kan bu heime så lenge som mogleg. Innanfor helse og omsorg er det mange og kompliserte tenester, difor ynskjer kommuna å vurdere Velferdsteknologi og slik frigjere ressursar som kan nyttast der det er bruk for dei i framtida.

Sør-Aurdal kommune vil auke kompetansen, kunnskap, haldningar og etiske refleksjonar hjå leiarar og tilsette. Eit av måla er å ha færre system å forholda seg til og dei systema me beheld skal snakka betre saman. Dette vil lette kvardagen for både brukarane og dei tilsette. Kommuna vil sjå Velferdsteknologi i heilheit og ynskjer å kopla Velferdsteknologi og fagsystem saman for å ha færre system å forhalda seg til.

Det er i samarbeid med private og offentlege aktørar at me skal drive to samarbeidsprosjekt for å hente fordelane Velferdsteknologien skal kunna gje oss. Det er Tilrettelagte tenester og Heimetenesta som skal driva dei to prosjekta. Me skal prøve ut ulike løysingar som gjev brukarane meir sjølvmeistring, livskvalitet og auka tenestekvalitet. Me vil også at andre etatar skal varslast når det er hensiktsmessig.

Både i Heimetenesta og i Tilrettelagte tenester skal me prøve ut smarte system (ut i frå brukarens og systemets behov) og saman med samarbeidspartnarar skal me også driva nyskaping der me vil løyse ulike problemstillingar knytt til dei som treng det. Me håpar at arbeidet kan nyttast utover kommunegrensa. Me har med oss nasjonale samarbeidspartar og har fått innovasjonsmidlar i 2017 frå fylkeskommunen til å setje i gang prosjekta våre. Me vil og søkja midlar for 2018 til å driva prosjekta vidare. Håvard Døvre er tilsett som prosjektkoordinator.

Publisert av Ann Carina Wold. Sist endret 11.09.2017
Tingvollbakkin 15
2930 Bagn
postmottak@sor-aurdal.kommune.no
Tlf:   (+47) 61 34 85 00
Fax: (+47) 61 34 85 01
Åpningstider
08-15.30 (15/5-15/9)
08-16 (16/9-14/5)
Org.nr:961 381 819
Kontonr: 2320 17 74551 
Kommunenr: 0540
Valdres-regionen Valdres-regionenEtnedal kommuneNord-Aurdal kommuneSør-Aurdal kommuneØystre-Slidre kommuneVang kommuneVestre-Slidre kommune