Skip Navigation Links(Hjem) > Aktuelt
Aktuelt

Gratis HPV-vaksine til kvinner fødde i 1991 og seinare

Alle kvinner som er fødde i 1991 og seinare, får frå hausten 2016 tilbod om gratis vaksine mot humant papillomavirus (HPV-vaksine) gjennom eit toårig vaksinasjonsprogram. Programmet startar opp i november 2016. Vaksinen er tilrådd til unge kvinner for å førebyggje livmorhalskreft og forstadium til livmorhalskreft forårsaka av HPV-infeksjon.

HPV-infeksjon er den vanlegaste seksuelt overførbare infeksjonen i verda. Dei fleste som er seksuelt aktive blir smitta i løpet av livet, mesteparten av dei i ung alder.  Infeksjonen er som regel ufarleg og går over av seg sjølv, men somme får ein vedvarande infeksjon som på sikt kan føre til livmorhalskreft. Kvart år får om lag 300 kvinner i Noreg livmorhalskreft og 65­-100 døyr av sjukdomen. Vaksinen kan gi vern sjølv om ein har debutert seksuelt.  

HPV-vaksine har vore ein del av barnevaksinasjonsprogrammet til jenter i 7. klasse sidan 2009. Frå hausten 2016 kan uvaksinerte kvinner som er fødde i 1991 og seinare, også få tilbod om gratis HPV-vaksine. Tilbodet er mellombels og varer i ein toårsperiode frå hausten 2016. Vaksinasjonen består av tre vaksinedosar gitt over 6-12 månader og må derfor startast opp innan utgangen av 2018.

Kvinner som er født i 1991 og seinare kan få vaksinen i den kommunen de oppholder seg i.

Dersom du ønsker å få vaksinen i Sør-Aurdal kommune, kan du kontakte helsestasjonen på telefon: Hanne-Norunn: 91009082, Hanne: 95160512, Reidun: 94830474.

Meir informasjon om HPV og HPV-vaksine finn du på Folkehelseinstituttet si nettside: www.fhi.no/hpv-vaksine

Publisert av Bjørg Dokken. Sist endret 28.06.2017
Tingvollbakkin 15
2930 Bagn
postmottak@sor-aurdal.kommune.no
Tlf:   (+47) 61 34 85 00
Fax: (+47) 61 34 85 01
Åpningstider
08-15.30 (15/5-15/9)
08-16 (16/9-14/5)
Org.nr:961 381 819
Kontonr: 2320 17 74551 
Kommunenr: 0540
Valdres-regionen Valdres-regionenEtnedal kommuneNord-Aurdal kommuneSør-Aurdal kommuneØystre-Slidre kommuneVang kommuneVestre-Slidre kommune